50 millionar grunner til Elden

Opinion hadde i sommar ein såkalla Ringverknadsanalyse under Elden. Dette er ei undersøking for å finne ut kva folk meiner om Elden, kor godt dei kjenner til stykket, og ikkje minst kva dei legg igjen av pengar i Rørossamfunnet etter å ha sett Elden. No har rapporten kome, og det er ikkje lite som blir fordelt ut over Røros i spelperioden.  

I sommar kom det 11.000 menneske frå andre plassar i landet for å sjå Elden. 1.100 (10 %) av desse svara på undersøkinga, noko som gjer resultatet godt representativt. Halvparten av dei tilreisande var på Elden for første gong. 40 % var frå Trøndelag, medan 54 % var frå andre delar av landet.

95 % av dem som kom å så Elden var svært eller godt fornøgd med teateret, og 70 % seier at dei sannsynlegvis kjem tilbake.

80 % av dei tilreisande overnattar på Røros, og om lag 4.000 bur på hotell. I snitt et og drikk dei for 910,-kr.  Desse tala varierer sjølvsagt, men 60 % av gjestane har handla for over 1.500,- kr. Dette fører til at dersom vi slår saman Elden sine omsetningstal og resultatet av ringverknadsanalysen, sørger Elden 2025 for 50.000.000,- kr i omsetning til Røros. Dette er pengar som går til transport, hotell/restaurant, daglegvare og anna sal, men også til Røde Kors, frivillige organisasjonar, idrettslag, og andre. Elden leier inn tenester som sørger for skatteinntekter på fleire hundre tusen til Oslo og Trondheim. Det sysselsettast 25 profesjonelle musikarar, skodespelarar, teknikarar og andre scenekunstnarar.

Dagleg leiar Jo Inge Nes seier at: «Vi er serdeles fornøgde med tala, og at dette viser kor store ringverknader kulturlivet kan ha. Om ein ser kor lite kultur var omtala i valkampen, er det viktig at vi no får presentert desse tala».

Elden er no i ein evalueringsprosess, men samtidig i full gong med planlegging av Elden 2026. «Vi ser at vårt publikum er serdeles fornøgde med årets Elden», seier Nes. « Vi må også finne ut korleis deltakarane har hatt det. Vi har omtrent ti større grupper som evaluerer på ulikt vis. Dette kombinerast med sosiale tiltak og planlegging fram mot 2026. Vi har store planar rundt det med matopplevingar i 2026. Dette vil vi komma tilbake til, men vi kan garantera at vi i 2026 skal presentere enda meir lokal mat og handverk. Røros er eit av dei største merkevarene i Noreg, og det skal vi arbeide vidare med å forsterke», konkluderer Nes.

Foto: Atle Auran

Utviklet i samarbeid med Form til Fjells og Creatur