Elden 2025 er historie. Elden 2026 er i gong!

Når røyken no har lagt seg her på Røros, vil vi på Elden gjerne få takka det fantastiske publikummet vårt, aktørane våre, dei frivillige og andre samarbeidspartnarar for ein fantastisk spelperiode. Elden 2025 blei den ny-premiera vi ønska oss. Det er ein utruleg god følelse å starte arbeidet med Elden 2026, når vi kan slå oss på brystet med ei så godt gjennomført førestilling som dette vart.

Vi hadde stor tru på teamet til regissør Tomas Glans, men ein er jo alltid litt nervøs for kva publikum seier. Vi har fått overveldande tilbakemeldingar. Frå publikum, presse og ikkje minst samfunnet her på Røros. Vi har ikkje nøyaktige besøkstal, men vi reknar med at mellom 11.500 og 12.000 kom og såg Elden i år. Og dei siste dagane har vi dessverre måtte seia nei til mange som ikkje fekk billett. Vår særs populære restaurant «Slagg» har hatt fulle hus, og det meldes om god stemning i alle ledd. Så vi er stolte og fornøgde med Elden 2025. 

Parallelt med evalueringar, startar no arbeidet med Elden 2026. 22. juli kl. 21:30 er det premiere på Elden 2026. Kva blir nytt til da? Er det nye scener? Blir det ny musikk? Vil vi bli kjent med nye rollar? 

Det som er sikkert er at vi gleder oss til å starte jobben. Billettane vil bli lagt ut i løpet av august, så vi håpar at folk sikrar seg billettar tidleg. Det er synd at vi har ledige billettar i starten av spelperioden, og så må folk i haugevis snu i døra dei siste dagane fordi vi ikkje har plass.

Takk for i år, alle saman. Og så treffast vi i juli 2026.

Foto: Atle Auran

Utviklet i samarbeid med Form til Fjells og Creatur