Det var stor glede hos Stiftelsen Elden på Røros då dei fekk beskjed om at dei får eit etterlengta tilskot over statsbudsjettet for 2027. 

– Dette er heilt fantastisk, seier dagleg leiar Jo Inge Nes. – Vi har arbeidd med dette i fleire år, og i år kjenner vi at vi verkeleg at har fått gjennomslag for behova våre. Elden har gjennom 32 år vakse seg ut av den forma spelet hadde då det starta. Vi er no ein av dei største aktørane i landet innan utandørs spel og teater, og med denne løyvinga stiller vi på lik linje med dei andre. Dette gjer at vi no kan arbeide fram mot nye 30 år, smiler Nes. – Elden handlar om General Armfeldts forsøk på å innta Noreg i 1718, og har eit klart fredsbudskap som er like aktuelt i dag.  

Elden er inne 2 millionar kroner for 2027, noko Nes karakteriserer som særdeles gledeleg og høgst nødvendig. Dette er forhåpentlegvis første steg for at vi kjem inn med ei fast bevilgning i framtida. 

– Etter at koronaen sleppte taket i 2022, har mange kulturaktørar slite med sterk auke i kostnadene og utfordringar med billettsalet. Elden er ikkje noko unntak, og særleg kostnadssida har vore ei utfordring. For oss som er like store som Peer Gynt og Stiklestad, kan vi no endeleg planlegge 2027 med eit heilt anna utgangspunkt. Dette er ein anerkjennelse av det Elden har bygd opp over 32 år. 

Elden rettar ei spesiell takk til Lars Haltbrekken i SV og Maren Grøte i Sp for støtta. Begge partia hadde Elden inne i sine alternative budsjett, og fekk gjennomslag i forhandlingane med dei andre partia. Tidlegare ordførar på Røros, Isak Veierud Busch, har òg vore ein viktig sparringspartnar og forkjempar, seier Nes. 

– Vi opplever at vi har hatt brei støtte frå dei fleste partia på stortinget heile vegen, men at vegen har vore lang og kronglete, seier ein glad dagleg leiar. No er Elden inne på statsbudsjettet, og håpet er at dette blir ei varig løyving. – Det har ein jo aldri garanti for, men for Elden sin del er denne tryggleikenog føreseielegheita essensiell. 

– Elden sørgjer for ei meiromsetning på over 40 millionar kroner på Røros og i regionen kvart år. Ein annan ringverknad er at vi er ein viktig møteplass og eit sosialt knutepunkt for utruleg mange menneske. I ein månad i året er Elden er ein viktig arena for våre deltakarar. Eit spel er langt meir enn ei framsyning. Det er ein inkluderande møteplass der menneske i alle aldrar og samfunnslag finn tilhøyrsle, meining og ein trygg plass i fellesskapen. Elden er eit av Noregs største barne- og ungdomsteater.

Nes fortel at pengane skal gå til å styrkje drifta og leggje betre til rette for frivilligheita. Alle som driv arbeid basert på frivilligheit, veit at folk er positive til å bidra, men at arbeidet må organiserast. Elden har 450 menneske som skal organiserast, mange tusen måltid til frivillige som skal lagast og serverast, og eit gedigent område som skal klargjerast med straum, sitjeplassar, mattelt, garderobetelt, produksjonsbuer, lyd og lys. 

– Truleg har Elden den største riggejobben av dei utandørs spela. Dette krev at vi har mykje folk, og nøgde folk. Det skal vere kjekt å arbeide på Elden, og då må ting vere på plass, seier Nes. 

På kontoret til Elden på Røros er det i dag ei særdeles god stemning, og motivasjonen er stor for å starte arbeidet med å utvikle Elden i åra framover. 

Utviklet i samarbeid med Form til Fjells og Creatur